• Bedrift
    Midt-Telemark kommune
  • Søknadsfrist
    18.09.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3800, BØ I TELEMARK
    MIDT-TELEMARK
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Midt-Telemark
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3100889
  • Se her for andre jobber fra Midt-Telemark kommune
  • Oppdatert 25.08.2020

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Midt-Telemark kommune

Kommunedirektør

Offentlige tjenester og forvaltning

Kommunen sin nye toppleiar vil vere avgjerande for utviklinga i den nyetablerte kommunen, og vi ønsker søkarar med solid kompetanse, evner til å sette seg inn i utfordringar, mogelegheiter og målsettingar, har samarbeidsvilje og gjennomføringsevne.

Kommunen er ny, men regionen er kjent for stor aktivitet og positiv folketalsutvikling.
I tillegg til innbyggartalet har kommunen stor auke i form av studentar i vinterhalvåret og turistar i sommarhalvåret.
Fleire interkommunale og andre offentlege verksemder er plassert i kommunen.

Stillinga som kommunedirektør er avgjerande for eit godt samarbeid med alle private og offentlege aktørar, slik at kommunen kan utvikle seg vidare.
Høgt aktivitetsnivå aukar og krava til gode og forutsigbare tenester. Kommunedirektøren må ha evne til dialog, vere open og kunne samarbeide med politiske nivå og tillitsvalde, og kunne forstå og formidle kva kommunen som organisasjon og arbeidsgjevar treng.

Arbeidsoppgåver

  • Vere rollemodell som leiar.
  • Leie ut frå vedtekne verdiar og målsettingar.
  • Vere i god dialog med politisk nivå.
  • Sette realistiske utviklingsmål.
  • Vidareutvikle kommunen som tenesteytar ma. ved å vere open, tilgjengeleg og digital.
  • Styrke samarbeidet både lokalt, regionalt og elles.

Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå frå høgskule/universitet. Anna relevant erfaring/utdanning kan kompensere for kravet til ein viss grad.
  • Leiarerfaring på tilsvarande nivå - kommunal/offentleg erfaring vil bli vektlagt.
  • God forståing/erfaring med kommunal økonomi og planarbeid.
  • Erfaring frå endringsarbeid er ein fordel
  • Dokumentere/sansynleggjere god evne til samarbeid og dialog.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Siri Blichfeldt Dyrland, tlf. 98649474,
eller vår rådgjevar Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682.

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden. Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

 

  • Bedrift
    Midt-Telemark kommune
  • Søknadsfrist
    18.09.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3800, BØ I TELEMARK
    MIDT-TELEMARK
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Midt-Telemark
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3100889
  • Se her for andre jobber fra Midt-Telemark kommune
  • Oppdatert 25.08.2020