Ledig stilling

Madsen og Brekke AS

Kommunalsjef utvikling og drift

Bemanning og rekruttering

Etne kommune søkjer ein samfunnsengasjert og framtidsretta kommunalsjef for utvikling og drift som vil bidra til å skapa gode løysningar for innbyggjarane, næringslivet og tilsette

Du vil få ansvar for eit breitt fagområde innan teknisk drift og forvaltning. Dette omfattar m.a. plan, bygg og eigedom, veg, VAR, beredskap, brannvern, landbruk og næringsliv. Som del av leiargruppa til kommunedirektøren vil du ha ei sentral rolle med å vidareutvikla og sikre god samhandling på tvers av fagområda og nivå i kommunen, samt delta i regionalt og interkommunalt samarbeid. Gjennom satsinga Etne 2030 Vegen til 2040 arbeidar kommunen målretta for berekraftig utvikling, lokal verdiskaping og langsiktig samfunnsbygging. 

Etne kommune er ein veldriven kommune med god økonomisk styring, dyktige tilsette og engasjerte innbyggjarar. Kommunen har eit rikt lokalsamfunn, kombinert med storslagen natur, gode levevilkår, eit bredt kultur- og fritidstilbod. Kommunen har dei siste åra markert seg offensivt og framtidsretta med satsing på m.a. bustadbygging, arealbruk, nyskapande aktivitetsområde, kultur, næringsliv og gunstige ordningar spesielt retta mot unge i etableringsfasen og barnefamiliar (https://www.etne.kommune.no/mittetne). 

Vi søkjer deg som er god på å jobba tverrfagleg og til å sjå heilskap i kommunale og regionale tenester. Som kommunalsjef utvikling og drift er du opptatt av å setja service, kvalitet og omdømebygging i sentrum og har evne til å skapa gode relasjonar med folk omkring deg.
 
Etne kommune sine verdiar er: trygg, raus og engasjert!

Kvalifikasjoner:

KVALIFIKASJONAR:

  • Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Det er viktig med god økonomiforståing og styringskontroll
  • Relevant leiarerfaring
  • Praktisk og teknisk forståing innan eit eller fleire av områda er ein fordel
  • Kjennskap og forståing fra omstilling og kontinuerlig forbetring
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Tenestemålet i Etne er nynorsk

Personlige egenskaper:

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig, og ha god gjennomføringsevne
  • Me søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Samarbeidsorientert, med gode kommunikasjonsevner
  • Arbeider målretta og har evne å handtera fleire prosjekt samtidig
  • God på samhandling og skapa tillit

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga.

Vi tilbyr:

ME TILBYR:

  • Me kan tilby ein spennande, variert og utviklingsorientert leiarstilling, der du får delta både i strategisk arbeid, samfunnsutvikling og drift
  • Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med trygge, rause og engasjerte kolleger
  • Ei sentral rolle for deg som vil bidra til å påverka og vidareutvikla Etne kommune til ein attraktiv stad å leve og busetje seg i
     

KONTAKTPERSONAR OG SØKNADSHANDTERING:

  • I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell handsaming. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
  • Ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Madsen og Brekke ved Brit Skjølingstad, tlf. 90 27 33 40 eller Siv T. Ringstrand, tlf. 906 01 721, for ein uforpliktande og fortruleg samtale. Spørsmål om stillinga kan også rettast til kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse, tlf. 41 24 25 71.