• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4301131
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Austevoll kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalsjef samfunnsutvikling skal leie eit tenesteområde som er i endring - det er store og utfordrande oppgåver som skal løysast i åra som kjem. Me søker kommunalsjef som har kapasitet, kunnskap og leiarerfaring til å handtere mange og allsidige arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde.

Kommunalsjef inngår i rådmannen si leiargruppe og representerer rådmannen i politiske råd og utval. Det er ei leiarstilling med stor påverknad på tenestene som kommunen tilbyr. Oppgåvene er spennande og Austevoll kommune har rammevilkår som gjer oss trygge på at me saman vil lykkast med å utvikle kommunen på ein god og berekraftig måte.

Vår nye kommunalsjef er oppteken av å få fram det beste i sine medarbeidarar med ein inkluderande leiarstil. Du organiserer og byggjer gode, funksjonelle og gjerne tverrfaglege team. Du evner å tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig, på tvers av tenesteområda. På same tid er du handlekraftig og sterk i gjennomføringsfasen. Di evne til å motivera og skapa begeistring, entusiasme og resultat, blir viktig i rolla. Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Kommunalsjef samfunnsutvikling har det overordna ansvar for tenesteområdet samfunnsutvikling. Dette inkluderer:

  • eigedomsforvaltning
  • utbyggingsprosjekt
  • samfunnssikkerheit og beredskap
  • plan- og byggesak
  • overordna miljø- og planarbeid
  • folkehelse
  • brann og redning
  • drift og vedlikehald
  • kart og oppmåling
  • næring og landbruk
  • infrastruktur
  • kyrkja

 

Austevoll kommune søker ein kommunalsjef som er fagleg sterk, og som ikkje er redd for å presentere nye tankar om korleis sektoren skal bidra til ein god og berekraftig utvikling for heile kommunen. Vi ynskjer at du har leiarerfaring - du er tydeleg, engasjert og villig til å jobbe aktivt og inkluderande. Du er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon, og du forstår korleis ein utøver eit godt skjøn.

I tillegg til gode kunnskapar innanfor eige tenesteområde, må kommunalsjef ha god innsikt i samspelet med andre tenesteområde i kommunen. Det er viktig at ein har god innsikt i samspelet mellom næringsliv, kommune, politikk og samfunnsliv generelt.

Du har interesse for samskaping og nettverksarbeid, stillinga inneber aktiv deltaking i regionale nettverk. Kommunen ynskjer samhandling internt, og eit godt samarbeid med eksterne aktørar som bidrar til god kvalitet i tenestene våre.

 

Ansvars – og arbeidsoppgåver

  • Organisering, utvikling og økonomistyring innan tenesteområdet
  • Gi tryggleik og bistå leiarane i sektoren
  • Overordna ansvar for fag, personale og økonomi
  • Tenke heilskap, sette retning og bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Motivere til positivt engasjement og kontinuerleg utviklingsarbeid
  • Leggje til rette for involvering av medarbeidarar, tillitsvalde, verneteneste, innbyggjardeltaking og brukarmedverknad i alle prosessar
  • Ta del i strategisk leiing og utvikling av heile kommunen
  • Greie ut og førebu saker for handsaming på politisk nivå i samarbeid med rådmann
  • Følga opp og gjennomføra politiske vedtak
  • Representere kommunen i samarbeidsfora, herunder nabokommunar, fylkeskommune og statlege organ innan tenesteområdet

 Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og større prosjektarbeid
  • Relevant erfaring for tenesteområdet
  • God forståing av samspel mellom næringsliv, politikk, administrasjon og samfunnsliv generelt
  • Erfaring frå økonomistyring, budsjett, økonomiplanar og omstillingsarbeid

 Personlege eigenskapar

  • Evne til å inspirera og motivera, skapa gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Systematisk og målretta  
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Evne til å oppnå resultat gjennom andre
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

 Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 
  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4301131
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune