Ledig stilling

Samnanger kommune

Kommunalsjef oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune søkjer ein klok og utviklingsorientert kommunalsjef for oppvekstområdet. Du vil bli leiar for ein sektor som omfattar to kommunale skular, to kommunale barnehagar, samt vaksenopplæringa. I tillegg er det ein privat barnehage i samarbeidet vårt.

Du vil få spennande oppgåver med å utvikle sektoren på eit berekraftig vis der høg kvalitet skal sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. På vegen mot dette sikrar du eit godt samarbeid med våre dyktige tilsette slik at dei opplever sitt arbeid motiverande og meiningsfullt. I tillegg får du spennande utfordringar saman med rådmann og tre øvrige kommunalsjefar der kommunen skal oppleve vekst og utvikling.

Me treng deg som tenkjer kloke tankar, har høgt truverd og gode leiareigenskapar. Du skal i tillegg samhandle med øvrige sektorar, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartnarar.

Som kommunalsjef får du ein viktig rolle i kommunen si øvste leiing der du vert ein del av rådmannen si leiargruppe.

Tiltreding etter avtale.

 

Ansvarsområde

  • Strategisk og fagleg utvikling av tenesteområda
  • Overordna personal-, fag-, økonomi- og resultatansvar for sektoren
  • Sikre effektiv og heilskapleg drift m.a. gjennom fordeling og prioritering innanfor sektoren si økonomiske ramme
  • Kommunisere klare mål og forventningar for organisasjonen, leiarar og medarbeidarar
  • Inngå i rådmannen si leiargruppe
  • Aktiv tilnærming til leiing av organisasjons- og medarbeidarutvikling
  • Representere sektoren internt og ekstern, inkl. til politisk nivå
  • Sikre høg grad av samhandling med tillitsvalde og verneteneste
  • Pådrivar for innovasjon i tenestene, samt omstilling sektoren til å møte morgondagen
  • Ta ansvar for kommunen som heilskap, samanheng i tenestene, og styrker relasjonen til lokalsamfunn, nabokommunar m.fl.


Kvalifikasjonar

Krav

  • Høgare relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis på masternivå
  • Skulefagleg kompetanse i tråd med opplæringslova § 13-1
  • Leiarkompetanse og leiarerfaring
  • Kompetanse og motivasjon frå endringsleiing og utviklingsprosessar
  • Erfaring med budsjettarbeid og økonomistyring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Skriftleg kommunikasjonskompetanse må kunne dokumenterast

Ynskje

  • God forståing for partssamarbeid
  • Evne til nytenking generelt og innanfor digitalisering og teknologiske løysingar spesielt
  • God forståing for offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politisk og administrativ leiing

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer godt, er tydeleg, set retning og får andre med deg
  • Du er resultatorientert, målretta og strukturert
  • Du har gode evner innan strategisk og heilskapleg leiing
  • Du har høg arbeidskapasitet og kraft til å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Du evnar å gjere naudsynte prioriteringar og vedtak
  • Du har gode evner og står sterkt i leiinga av tilsette gjennom omstilling og endring
  • Du er raus, omsorgsfull og syt for at andre lukkast

 

Me tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.