• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4301129
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Kommunalsjef oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalsjef oppvekst skal leie eit tenesteområde som er i utvikling - det er store og utfordrande oppgåver som skal løysast i åra som kjem. Me søker  kommunalsjef som har kapasitet, kunnskap og leiarerfaring til å handtere mange og allsidige arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde.

Kommunalsjef inngår i rådmannen si leiargruppe og representerer rådmannen i politiske råd og utval. Det er ei leiarstilling med stor påverknad på tenestene som kommunen tilbyr. Oppgåvene er spennande og Austevoll kommune har rammevilkår som gjer oss trygge på at me saman vil lykkast med å utvikle kommunen på ein god og berekraftig måte.

Vår nye kommunalsjef er oppteken av å få fram det beste i sine medarbeidarar med ein inkluderande leiarstil. Du organiserer og byggjer gode, funksjonelle og gjerne tverrfaglege team. Du evner å tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig, på tvers av tenesteområda. På same tid er du handlekraftig og sterk i gjennomføringsfasen. Di evne til å motivera og skape begeistring, entusiasme og resultat, blir viktig i rolla. Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.

Kommunalsjef oppvekst har det overordna ansvar for tenesteområdet oppvekst, kultur og fritid. Dette inkluderer

  • grunnskular
  • kulturskule
  • vaksenopplæringa
  • barnehagemynde
  • PPT
  • kultur
  • bibliotek
  • barnevern
  • helsestasjon og skulehelseteneste
  • idrett
  • Austevollbadet
  • ungdomsarbeid

Austevoll kommune søker kommunalsjef som er fagleg sterk, og som brenn for utvikling og kvalitet i heile oppvekstsektoren. Vi ynskjer at du har leiarerfaring - du er tydeleg, engasjert og villig til å jobbe aktivt saman med tilsette i heile sektoren. Du er god på skriftleg og muntleg kommunikasjon, og du forstår korleis ein utøver eit godt skjøn.

I tillegg til gode kunnskapar innafor eige tenesteområde, må kommunalsjef ha innsikt i samspelet med øvrige tenesteområde i kommunen. Det er også viktig med gode refleksjonar om samarbeid mellom politikk og administrasjon, og kunnskap om styringsform i kommunal sektor.

Du har interesse for samskaping og nettverksarbeid, stillinga inneber aktiv deltaking i regionale nettverk. Kommunen ynskjer samhandling internt, og samarbeid med eksterne aktørar som bidrar til god kvalitet i tenestene våre.         

Ansvars – og arbeidsoppgåver

  • Organisering, utvikling og økonomistyring innan tenesteområdet
  • Gi tryggleik og bistå leiarane i oppvekstsektoren
  • Overordna ansvar for fag, personale og økonomi
  • Tenke heilskap, sette retning og fokusere på tidleg innsats på tvers av tenesteområda
  • Motivere til positivt engasjement og kontinuerleg utviklingsarbeid
  • Leggje til rette for involvering av medarbeidarar, tillitsvalde, verneteneste, innbyggjardeltaking og brukarmedverknad i alle prosessar
  • Ta del i strategisk leiing og utvikling av heile kommunen
  • Greie ut og førebu saker for handsaming på politisk nivå i samarbeid med rådmann
  • Følge opp og gjennomføra politiske vedtak
  • Representere kommunen i samarbeidsfora, herunder nabokommunar, fylkeskommune og statlege organ innan oppvekstområdet

 Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning – gjerne med pedagogisk kompetanse på høgare nivå
  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring frå økonomistyring, budsjett, økonomiplanar og omstillingsarbeid
  • Utdanning og/eller erfaring frå tverrfagleg samarbeid, tidleg innsats og kvalitetsutvikling i oppvekst
  • Kjennskap til og forståing av samspel mellom politikk, administrasjon og fag

 Personlege eigenskapar

  • Evne til å inspirera og motivera, skapa gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Systematisk og målretta  
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Evne til å oppnå resultat gjennom andre
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

 Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spennande utfordringar
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4301129
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 05.01.2022