• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4668036
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 14.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Kommunalsjef helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 Gulen kommune søker etter ein tillitsbyggande, allsidig og resultatorientert person som liker å arbeide med overordna planlegging, forvaltning og saksbehandling. Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og byr på spennande oppgåver over fleire arbeidsfelt. 

Arbeidsområde for stillinga: 

  • I lag med kommunedirektøren si leiargruppe arbeide med overordna planlegging og strategi
  • Overordna økonomiansvar for helse- og omsorg
  • Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene innan helse og omsorg
  • Ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak innan helse og omsorg
  • Oppfølging av einingsleiarane innan pleie og omsorg
  • Legge til rette for og følgja opp fagutvikling
  • Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til ansvarsområdet
  • Styre utviklingsprosjekt 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Du har utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med helsefagleg kompetanse
  • God kjennskap til kommunal forvaltning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Tenestemålet i Gulen er nynorsk
  • Innsikt og erfaring med økonomi- og personalarbeid

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
  • Vi ynskjer deg som er beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Du må ha evne til gjennomføring
  • Du må kunne tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Vi tar sikte på intervju i veke 26 og 27

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4668036
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 14.06.2022