Bedrift
Madsen og Brekke ASSøknadsfrist
26.04.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Rekruttering og bemanningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5590, ETNE
ETNE
Antall stillinger
1karriere-kode
2843566Se her for andre jobber fra Madsen og Brekke AS
- Oppdatert 29.03.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Madsen og Brekke AS
Kommunalsjef helse og omsorg
Rekruttering og bemanning
Etne kommune har etablert ei heilt ny og dynamisk leiargruppa, og søkjer nå etter kommunalsjef helse og omsorg i ein nyoppretta 100 % fast stilling. Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og vera ein aktiv bidragsytar i kommunedirektøren si leiargruppa. Saman med våre dyktige og engasjerte medarbeidarar skal vi styrka og vidareutvikla Etne kommune
Vi søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal visa veg i helse- og omsorgssektoren. Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar.
Det er til saman 185 tilsette i heile sektoren, fordelt på 129 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på 120 Mill.
- Jobba saman med kommunedirektøren i overordna planlegging og strategi
- Overordna økonomi- og budsjettansvar for sektoren
- Samordning og koordinering av tenestene/oppgåvene som ligg til einingane i helse og omsorg
- Styra utviklingsprosjekt innan helse og omsorg
- Vera drivar for innovativ tjenesteutvikling i sektoren, der teknologi og nye arbeidsmåtar er avgjerande
- Ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak som høyrer til ansvarsområda for sektoren
- Særleg ansvar for oppfølging av einingsleiarane i sektoren, leggja til rette for og følgja opp fag- og kvalitetsutvikling
- Ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren
- Du har utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne med helsefagleg kompetanse
- Grundig innsikt og erfaring med økonomi- og verksemdstyring
- Leiarfaring med personalansvar og turnusplanlegging, helst frå helsesektoren
- Vi ser helst at du har kjennskap til offentleg verksemd
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Tenestemålet i Etne er nynorsk
- Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
- Vi ynskjer deg som er beslutningsdyktig og resultatorientert
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
- Du må ha evne til gjennomføring
- Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga
- Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
- Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktpersonar og søknadshandtering
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.
Ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Madsen og Brekke Tore Meinert, Tlf. 970 33 360 eller Brit Skjølingstad, Tlf. 902 73 340 for ein uforpliktande og fortruleg samtale. For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med kommunedirektør Bjørn Tollefsen, Tlf. 905 19 025.
Bedrift
Madsen og Brekke ASSøknadsfrist
26.04.2020Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Rekruttering og bemanningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5590, ETNE
ETNE
Antall stillinger
1karriere-kode
2843566Se her for andre jobber fra Madsen og Brekke AS
- Oppdatert 29.03.2020