• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    02.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3772020
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 27.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Kokk - vikariat 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om eininga

Barnebo barnehage tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia - filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. 

Barnehagen skal ha ein helsefremmande og forebyggande funksjon og bidra til å utjanme sosiale forskjellar. Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å  utvikle matglede og sunne helsevanar.

Kokken vår skal ha permisjon, så vi søkjer vikar i 100 % stilling.  Etter avtale, oppstart seinast 9.8 - mulig eit heilt år.

 

Arbeidsoppgåver

Kokken skal arbeide i tråd med Helsedirektoratet sine retningsliner og måla i Rammeplan for barnehagen knytt til mat og måltid. Dette inneber også å involvere barna i mat og måltidsaktivitetar. Kokken har ansvar for utarbeiding av kostplan, bestilling av matvarer innan gitte økonomiske rammer, varemottak, merking og ansvarleg oppbevaring av mat, tilbereding av mat og måltid og arbeide for å redusere matsvinn. Kokken har også ansvar for oppfølging av HMS og internkontrollsystemet etter retningsliner frå Mattilsynet.

Det er eit krav at søkjar må kunne kommunisere godt på norsk med barn, foreldre, avdelingspersonalet og andre samarbeidspartar.

 

Krav til søkar

Fagbrev som kokk, fortrinnsvis som institusjonskokk. Det vert lagt vekt på gode evner til å samhandle med og involvere barn i mat og måltidsaktivitetar.

Gode evner til kommunikasjon og samarbeid med avdelingspersonalet.

Kunne arbeide sjølvstendig i eit aktivt arbeidsmiljø.

God datakunnskap og erfaring i bruk av digitale verkty som arbeidsverkty. 

Bruke nynorsk som målform.

 

Vi tilbyr

Godt arbeidsmiljø som du bidreg til å vidareutvikle.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

  

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

 

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    02.06.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3772020
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 27.04.2021