• Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    09.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6539427
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten
Ledig stilling

Skatteetaten

Klarer du å gjere skatt interessant på 15 sekund?

Direktorater og tilsynsorgan

Det prøver vi å gjere nesten kvar dag. Til millionar av nordmenn. No ser vi etter ein innhaldsprodusent som er i starten av karriera. Vi vil at du skal vere med på å gjere kompliserte ting enkle, keisame ting morosame, og viktige ting forståelege. Velkomen til eit av statens mest kreative miljø.

Kvalifikasjoner:

  • ha erfaring med innhaldsproduksjon. Det vil seie at du kan filme, ta bilete, skrive og produsere grafisk innhald
  • kunne vere med på heile prosessen, frå idé til gjennomføring, filming og redigering, frå utkast til korrektur
  • kunne prosjektlede deg sjølv gjennom ulike typar produksjonar, eller bli leda av ein kollega eller jobbe i tverrfaglege team
  • kunne skrive godt norsk
  • vere kreativ og nysgjerrig

Personlige egenskaper:

  • utdanning innan media, video, kommunikasjon eller liknande
  • erfaring med redigeringsverktøy for innhaldsproduksjon. Vi nyttar i dag ulike Adobe-produkt
  • kjennskap til sosiale media og kva som fungerar der 

Vi tilbyr:

Du får jobbe i eitt av Noregs største kommunikasjonsmiljø. Eit miljø som nettopp vann gull som Årets kommunikasjonsmiljø for korleis vi jobbar strategisk, måler effekt og samarbeider på tvers. Her er det designarar, animatørar, tekstforfattarar, videoprodusentar, fotografar, kommunikasjonsrådgjevarar og andre som brenn for å lage kommunikasjon som faktisk verkar.

Slik søkjer du

Vi har droppa søknadsbrevet. I staden vil vi sjå kva du kan:

  1. Gå inn på Søk på stillinga
  2. Last opp CV-en din som viser kva du kan og har erfart så langt
  3. Last opp eit PDF-dokument på ei side med lenke til 3 videoproduksjonar du har laga og ein kort tekst der du fortel kva rolle du hadde i kvar av videoane

Kvifor skal du velje oss?

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi du vil trivast hos oss! Vi kan freiste med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planleggje eigen arbeidsdag.

Hos oss får du jobbtryggleik, god balanse mellom jobb og privatliv, og ein arbeidsplass der du kan utvikle deg vidare. Du får rammer som sikrar deg tid til å puste, fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Både kollegane dine og sjefen din vil be deg om å logge av til tider og ta fram blyant og papir.

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt leggje til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.

Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gode vilkår. Les meir på spk.no.

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ som rådgjevar (kode 1434), med ei årslønn på 500 000 – 620 000 kr.

Og ikkje minst: vi har eit kommunikasjonsmiljø med hyggelege og erfarne kollegaer som vil hjelpe og støtte deg heile vegen. Du er kanskje ny i bransjen. Vi er 250 år. Saman skal vi lage innhald om skatt som alle kan forstå.

Verdt å merke seg før du søkjer

Vi vil at du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd.

Har du hol i CV-en din, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg høve til å få positiv særhandsaming. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

 

  • Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    09.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6539427
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten