• Bedrift
    Avisa Hordaland
  • Søknadsfrist
    07.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Media, informasjon og PR
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    NORSK
  • Adresse
    5704, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3010943
  • Se her for andre jobber fra Avisa Hordaland
  • Oppdatert 01.07.2020

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Avisa Hordaland

JOURNALIST

Media, informasjon og PR

Hordaland er lokalavis for Voss og nabobygdene. Med eit opplag på ca. 8000 er Hordaland den største lokalavisa i tidlegare Hordaland fylke. Me held til i eige avishus sentralt på Voss. Voss er regionsenter i indre Hordaland med ca. 15.500 innbyggjarar. Bygda er ei naturperle med gode moglegheiter til rikt og aktivt friluftsliv heile året. Kommunen er ein god stad å veksa opp og har eit breitt spekter av tilbod innan utdanning, kultur og idrett. Voss har eit variert næringsliv og mange sosiale møteplassar.

Me søkjer

JOURNALIST I 100 % FAST STILLING

Ein av våre dyktige journalistar går av med pensjon, og me søkjer hans etterfylgjar.

Me ynskjer å knyta til oss ein god digital journalist med solid teft for nyhende og ynskje om å fortelja dei gode historiene. Du vert ein sentral person i Hordaland si satsing spesielt digitalt, men også på papir.

Arbeidet vert utført i samarbeid med redaktør og dei andre journalistane. Hordaland har 10 journalistar som alle leverer til nett og papir.

Kjennskap til video og live-sendingar er eit vilkår.

Du må ha førarkort for personbil.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkja.

Yngre søkjarar vert prioriterte, og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Målet vårt er nynorsk, og godt språk er ein føresetnad.

Hordaland kjem ut med papiravis tre dagar i veka, og publiserer dagleg på nett.

Den som vert tilsett går inn i vår vaktturnus.

Me ynskjer snarleg tiltreding.

Løn etter avtale.

Søknadsfrist 7. juli

Førespurnad om stillinga kan rettast til:
Redaktør Geir Geitle, tlf 404 19 953, eller
Klubbleiar Ørjan Brattetveit, tlf 416 23 262.

Skriftleg søknad med cv og evt. arbeidsprøvar kan sendast på e-post til: gg@avisa-hordaland.no

 

  • Bedrift
    Avisa Hordaland
  • Søknadsfrist
    07.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Media, informasjon og PR
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    NORSK
  • Adresse
    5704, VOSS
    VOSS
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3010943
  • Se her for andre jobber fra Avisa Hordaland
  • Oppdatert 01.07.2020