• Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Maritime Industri / Service
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hyllestad
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6364435
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Jonas Holt
tlf: 94982440

Marita Lavik
tlf: 97523599

Ledig stilling

Tersan Havyard

Vil du vere med å leie den digitale utviklinga hos ein av dei mest tradisjonsrike og framtidsretta skipsverfta i landet?

IT-Manager

Maritime Industri / Service

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Med moderne fasilitetar og over 100 års erfaring innan skipsbygging, leverer vi kvalitet og pålitelegheit til kundar verda over.

For å styrke vår organisasjon søkjer vi no ein IT Manager som kan ta ansvar for å vidareutvikle våre digitale løysingar, sikre robuste IT-system og vere ein nøkkelperson i å støtte den daglege drifta og framtidige satsingar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg drift og vedlikehald av selskapet sitt IT-miljø, inkludert serverar, nettverk, brukarsystem, lisensar og kontorteknologi
  • Sikre og vidareutvikle IT-sikkerheit, tilgangsstyring og beredskapsløysingar
  • Yte brukarstøtte og teknisk support til tilsette på alle nivå
  • Bidra aktivt til digitalisering, automatisering og effektivisering av arbeidsprosessar
  • Etablere og vedlikehalde dokumentasjon av IT-infrastruktur, system og rutinar
  • Påsjå at verksemda følgjer gjeldande regelverk for behandling av personopplysningar, inkludert GDPR

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan IT, datateknologi eller anna relevant fagområde (fagskule, høgskule eller universitet)
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med drift og vedlikehald av server- og nettverksmiljø
  • Gode kunnskapar om IT-sikkerheit, backup-løysingar og tilgangsstyring
  • Strukturert, løysingsorientert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Personlege eigenskapar:

  • Sterke kommunikasjonsevner og evne til å omsetje tekniske problemstillingar til forståeleg språk for organisasjonen
  • Samarbeidsorientert og serviceinnstilt, med fokus på å støtte og leggje til rette for kollegaer
  • Strukturert, løysingsorientert og med evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Stillinga rapporterer til CFO

Arbeidsstad er Leirvik i Hyllestad Kommune

Søknadar vert gjennomgått fortløpande.

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad!

 

  • Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Administrasjon
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Maritime Industri / Service
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hyllestad
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6364435
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard

Spørsmål rettes til

Jonas Holt
tlf: 94982440

Marita Lavik
tlf: 97523599