Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
06.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5888917Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
IT konsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me ser etter deg som er systematisk, tek initiativ og er løysingsorientert. Du har ambisjonar og ynskjer å utvikla deg både fagleg og personleg.
På rådhuset i Norheimsund har kommunen ei IT avdeling med 5 tilsette med ansvar for intern drift og utvikling i heile kommunen. I tillegg leverer me tenester til Eidjord kommune, Ulvik herad og Kvam energi AS.
Samarbeidspartane nyttar i hovudsak Microsoft produkt og du treng derfor kunnskap om M365 løysingar i Azure og Entra. Vår infrastruktur dekker over 80 lokasjonar i kommunen med kabla og trådlause nett i dei fleste kommunale bygg.
Hjå oss vil du få eit breitt ansvarsområde og få arbeida med mange oppgåver frå drift til utvikling av tenester i Kvam herad og samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver
Drift av:
- Nettverk og trådlause løysingar ( HP Aruba svitsjar, Cisco accesspunkt, Clearpass nettkontroll mm)
- M365 Hybrid skyløysing
- Lokale server i lokalt serverrom ( Vmware )
- Sikring, Risiko og sårbarheitsvurderingar, personvernarbeid
- Vaktordning kvar 5.veke - reiserestriksjonar under vaktveka
- 1. linjesupport i vaktveke
Arbeidsoppåvene vil variera over tid og kan i nokon grad tilpassast kandidaten sin kompetanse og interesser.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg med høgskuleutdanning innan IT, eller relevant erfaring innanfor område drift av IT med fagbrev.
Fordel om du har dokumentert kunnskap i nokre av desse områda:
- M365 og Microsoft løysingar i sky og lokalt i vårt felles nett
- HP Aruba og Clearpass evt og Cisco løysingar.
- Vmware
- Citrix
- Veeam backupløysingar
Førarkort for bil er nødvendig
Personlege eigenskapar
Me søker deg som likar å jobba sjølvstendig, men og vera del av eit team.
Det er ynskjeleg at du kan dela informasjon og er genuint interessert i faget.
- Gode relasjons- og samarbeidsevner
- At du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- At du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
- Engasjement og fleksibilitet
- At du evnar å arbeida systemretta, ser heilskapen og vil vera med å utvikla Kvam herad
Vi tilbyr
- Du får ein jobb med variert arbeid i eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø
- Kontor på rådhuset si IT avdeling.
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for heimekontor når det er behov for det.
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
06.10.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5888917Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund