• Bedrift
    Arbeidstilsynet
  • Søknadsfrist
    18.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6019, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4123310
  • Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
  • Oppdatert 28.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Arbeidstilsynet

Inspektør - Førebyggande tilsyn

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Norge?

Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Tilsyn og rettleiing er særleg retta mot organisatoriske forhold, psykososiale faktorar, ergonomi, teknisk sikkerheit, førebygging av ulykker, samt kjemiske og biologiske arbeidsvilkår.

Nå trenger vi fleire inspektørar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljøloven, allmenngjeringslova og annet regelverk der Arbeidstilsynet har mynde. Som inspektør i Arbeidstilsynet vil du få høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv.

Vi søker deg som har kompetanse om korleis organisatoriske forhold som lønns- og arbeidsvilkår, skaderisiko, psykososialt arbeidsmiljø og ergonomiske belastningar påverkar eit arbeidsmiljø.

Du må kunne trivast med å gjennomføre tilsyn i verksemdene, rettleia og saksbehandle. Om du i tillegg tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.

Stillinga har kontorstad Ålesund, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved fleire tilsynskontor i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). Seksjonen arbeider per i dag hovudsakeleg innan overnatting og servering, transport og lagring, reinhald og varehandel særleg prioritert.

På Ålesundskontoret er det kollegar frå fleire seksjonar i et tverrfagleg miljø med inspektørar innan ulike fagområde og juristar. Jobben inneber noko reising. 

Kvalifikasjoner:

  • utdanning på bachelornivå, gjerne samfunnsfaglege, helsefaglege eller teknologiske fag. Annan relevant utdanning og erfaring frå de nemnte oppgåvene kan kvalifisere for stillinga
  • arbeidserfaring frå éin eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt over er ønskelege
  • erfaring frå kontroll, saksbehandling og rettleiing er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg
  • kunnskap om arbeidsmiljølovens krav til verksemdenes arbeidsmiljø er ønskeleg
  • kunnskap om, og erfaring frå arbeid med arbeidstidsreglane er ønskeleg
  • god i munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • førarkort for personbil (B)
 

Personlige egenskaper:

  • har evne og lyst til å jobbe med tilsyn i en myndigheitsrolle
  • tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styre egen arbeidskvardag
  • er nysgjerrig og fleksibel

Vi tilbyr:

 
  • løn og stilling som inspektør/seniorinspektør (kode 1343/1371) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar, normalt innanfor kr 515 000 til kr 700 000
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • gode mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • moglegheiter for å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som til ein kvar tid er gjeldande for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan skje endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.

Det er viktig for Arbeidstilsynet å avspegle befolkninga, og vi ynskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette arbeidskvardagen dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søkje jobb hos oss.

Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eigen eller andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i verksemd som er underlagt tilsyn frå Arbeidstilsynet. De må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller tilsvarande organ i ei slik verksemd. Direktør for Arbeidstilsynet kan i særlege tilfelle, og når det har vore vurdert å ikkje vere til skade for tenesta, gjere unntak for forbodet.  

Du kan be om at søknaden blir unntatt frå offentlegheita. Dette må du grunngje for i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngjevinga ikkje oppfylle vilkåra for unntak. 

 

  • Bedrift
    Arbeidstilsynet
  • Søknadsfrist
    18.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6019, ÅLESUND
    ÅLESUND
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4123310
  • Se her for andre jobber fra Arbeidstilsynet
  • Oppdatert 28.09.2021