Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Arbeidstilsynet

Inspektør - bygg og anlegg, bergarbeid og arbeidsulykker

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
 
Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. Tilsyn og rettleiing er særleg retta mot, teknisk sikkerheit, førebygging av ulykker, samt organisatoriske forhold. No treng vi fleire inspektørar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde. Som inspektør i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv.
 
Vi søker deg som har kompetanse innan bygg og anlegg, og som vil kunne trivast med å gjennomføre tilsyn på byggeplassen og i verksemdene, rettleie og saksbehandle. Du må også kunne tenke deg å undersøke tilhøve rundt arbeidsulykker for å førebygge at liknande ulykker skjer igjen. Om du i tillegg er ein som tar initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.
 
Stillinga har kontorstad i Bergen, men høyrer til ein seksjon som også har medarbeidarar ved tilsynskontora i Førde og Haugesund i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). På kontoret i Bergen er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø. Jobben inneber noko reising. 

Arbeidsoppgaver:

  • føre tilsyn med at verksemdene arbeider systematisk med HMS, særleg i næringane bygg-  og  anleggsverksemd og bergverksdrift og utvinning
  • oppfølging av arbeidsulykker
  • rettleie om HMS
  • saksbehandling i samsvar med forvaltningslova og offentleglova
  • handtere tips som kjem til Arbeidstilsynet
  • bidra i internt opplærings- og utviklingsarbeid 

Kvalifikasjoner:

  • utdanning innan bygg og anlegg eller anna teknisk utdanning, minimum på bachelornivå. Anna relevant utdanning og erfaring frå dei nemnde oppgåvene kan kvalifisere for stillinga
  • brei yrkeserfaring, særleg aktuelt med erfaring frå bygg og anlegg
  • kunnskap om og erfaring frå koordinering og oppfølging av bygg-/anleggsprosjekt er ønskeleg
  • arbeidserfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt over er ønskeleg
  • kunnskap om organisatoriske forhold og krav til fysisk arbeidsmiljø er ønskeleg
  • arbeidserfaring frå kontroll, saksbehandling og rettleiing er ønskeleg
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg
  • god i munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk
  • god i skriftleg framstilling på nynorsk er ønskeleg
  • førarkort for personbil (B)

Personlige egenskaper:

  • har evne og lyst til å jobbe med tilsyn i ei myndigheitsrolle
  • tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag er nysgjerrig og fleksibel

Vi tilbyr:

  • løn som seniorinspektør (kode 1371) eller overingeniør/senioringeniør (kode 1087/1181) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar, innan kr 515 000 til kr 730 000.
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag.
  • tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet. 

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar  i  arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
 
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegla befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke jobb hos oss.
 
 Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.