Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Arbeidstilsynet

Inspektør - arbeidslivskriminalitet

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?
 
No har du moglegheita når vi søker inspektør/seniorinspektør til Arbeidstilsynet, Avdeling a-krim, seksjon Vest i Bergen.
Vi søker deg som ønsker å jobbe med utfordringane som arbeidslivskriminalitet (a-krim) representerer, som
har analytisk kompetanse og som skjønner at arbeidslivskriminalitet er eit samansett samfunnsproblem som må løysast i samarbeid med andre.
 
Stillinga har kontorstad i Bergen, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar ved fleire lokasjonar i område Vest (Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal). Du vil bli ein del av fagmiljøet i det tverretatlege samarbeidet på a-krimsenteret i Bergen.
 
Du må rekne med  noko reising i jobben.

Kvalifikasjoner:

  • utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring eller yrkesbakgrunn kan kompensere for manglande formell utdanning
  • nokre års arbeidserfaring, gjerne innan tilsyn, rettleiing eller etterforskingsarbeid. Juridisk eller samfunnsfagleg bakgrunn kan vere relevant
  • erfaring frå arbeid med HMS
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort for personbil (B)

Det er en fordel om søkere har følgende kompetanse:

  • erfaring frå analysearbeid, informasjonsinnhenting/-arbeid, databasearbeid
  • kunnskap om arbeidsmarknaden og utfordringar med arbeidslivskriminalitet
  • kunnskap om krava i arbeidsmiljølova til arbeidsmiljøa i verksemder
  • erfaring frå arbeid med å hindre arbeidslivskriminalitet
  • erfaring frå rettleiing
  • brei yrkeserfaring

Personlige egenskaper:

  • har evne og lyst til å jobbe med tilsyn og rettleiing i ein myndigheitsrolle
  • tar initiativ, og har god evne til å gjennomføre og evne til å skape resultat
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag

Vi tilbyr:

  • løn som inspektør/seniorinspektør (kode 1343/1371) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar, innan kr 515 000 til kr 700 000
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • fleksitidsordning
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling
  • høve til å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten. Den som blir tilsett, må rekne med at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsområda for stillinga.
 
Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.
 
Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegle befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke jobb hos oss.
 
Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Du må grunngi dette i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.