• Bedrift
    BKS Konsern
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Rådgivende ingeniører
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5412, STORD
    STORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sunde, Odda, Bergen
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    5697036
  • Se her for andre jobber fra BKS Konsern

Spørsmål rettes til

Roger Sætereng
tlf: 92215303

Ledig stilling

BKS Konsern

Vi treng kollegaer på Stord!

Ingeniørar og prosjektleiarar til varierte oppgåver som del av eit lite team med høg kompetanse

Rådgivende ingeniører

Vi søkjer senioringeniørar, ingeniørar og prosjektleiarar til vårt kontor på Stord. Om du er ute etter ei spennande og variert stilling i eit lite og veletablert ingeniørmiljø håpar vi å høyre frå deg.

Vi verdset mangfald og vil oppfordre både erfarne og nyutdanna til å søke då vi meiner at dette er med på å skape eit miljø der alle kan lære og utvikle seg.

 

Hos oss får du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.

Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre oppdrag, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små oppdrag innan prosjektering for kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvang. Vi ønskjer å bygge vidare på dette, samt å utvide kundegruppa vår på Stord og i områda rundt.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine.

Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, bygg eller liknande. Vi ser også på å styrke vår kompetanse innan elektro og automasjon.

I første omgang er vi nøydde å prioritere kandidatar med noko erfaring, minimum 3-5 år og gjerne meir, men høyrer gjerne frå deg som er nyutdanna også. Vi treng også at du snakkar flytande norsk, og har god engelsk både munnleg og skriftleg.

Hos oss i Zenit vil du verte varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar 4 gonger om året der alle samlast. I dag er vi 15 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.

Kontorstad er i våre flotte lokale på Heiane på Stord, men det må også påreknast noko reiseverksemd. I periodar kan også vekependling vere aktuelt for kandidatar som ynskjer det.

Og vi oppmodar deg om å ta kontakt om du er interessert i å jobbe på eit av våre andre kontor også. Vi har i dag kontor i Sunde, Odda og Bergen i tillegg til Stord.

Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om oss:

Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.

Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i markedet.


 

  • Bedrift
    BKS Konsern
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Rådgivende ingeniører
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5412, STORD
    STORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Sunde, Odda, Bergen
  • Antall stillinger
    2
  • karriere-kode
    5697036
  • Se her for andre jobber fra BKS Konsern

Spørsmål rettes til

Roger Sætereng
tlf: 92215303