Detaljer

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    30.09.2020
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3116597
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

Ingeniør - drift V/A og veg, Eining tekniske tenester

Ved Eining for tekniske tenester har vi ledig ei 100 % fast stilling som driftsingeniør innan områda vatn/avløp og veg.

 

Eining for tekniske tenester har ansvar for Aukra kommune sine kommunaltekniske anlegg, drift av kommunen sine bygg og eigedommar, investeringsprosjekt innan bygg og anlegg, plan-/miljø, byggesak og geodata. Eininga har til 35 tilsette innan desse ulike fagområda.

Arbeidsoppgåver
Ansvar for kommunen sitt vassverk og V/A-anlegg.
Ansvar for drift av kommunal veg og infrastruktur..
Forvaltning av desse fagområda i samsvar med lov og forskrifter, og anna lovmynde.
Dokumentasjon i kommunen sine fagsystem innafor veg, VA osv.
Ansvar for drift av kommunen sine utomhusområder (offentlege plassar, friareal, grøntområde)
Mindre utbyggingsprosjekt innanfor kommunaltekniske anlegg

Ønska kvalifikasjonar
Ingeniør innan fagområda bygge- og anleggsteknikk, vatn og miljøteknikk, eller anna relevant utdanning.
Relevant praksis er ein fordel, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje.
Du bør ha kjennskap til GIS, men søkar vil bli tilbudt relevante kurs.
Stillinga inneber mykje kontakt med publikum, entreprenørar og andre fagpersonar i kommunen. Du bør vere sosial og kunne kommuniserer godt på norsk, både skriftleg og muntleg.
Vi ønsker ein person som er løysningsorientert og som arbeider godt i team, men også sjølvstendig.

Du må ha førarkort for bil. Førarkort i andre klassar er og positivt.
Gode datakunnskapar er nødvendig.

Vi tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og mykje teamarbeid.
Utdanningsstønad frå eige fond til etter- og vidareutdanning

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
Flyttegodtgjerdsle etter kommunalt regelverk

Prøvetid
6 månader gjensidig effektiv prøvetid. Ved lengre fråvær kan forlengig av prøvetida bli aktuelt.

 Søkarliste
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i
søknaden. Opplysninger kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr Offentleglova
§25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk her"