Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5799203Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Informasjonsrådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kvam herad har ledig vikariat til ein engasjert og strategisk informasjonsrådgjevar. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld i tida fram til 30.11.2025.
Informasjonsrådgjevaren vil jobba tett med ordførar, rådmannen, rådmannen si leiargruppa og fellessekretariatet for å sikra god intern og ekstern informasjon i kommunen.
Er du rett personen for stillinga, har du evne til å sjå og utnytta ulike former for kommunikasjon, forstår media og det politiske landskapet og har evne til å gjera kompliserte bodskap enkle og forståelege.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å koordinera kommunen sitt kommunikasjonsarbeid, både strategisk og operativt
- Oppfølging og vidareutvikling av Kvam herad sin kommunikasjonsstrategi
- Vidareutvikla interne og eksterne kommunikasjonsplattformar
- Redaksjonelt arbeid/innhaldsproduksjon på nettsider, intranett og sosiale media
- Kommunikasjonsfagleg rådgjeving, trening og rettleiing
- Ansvar for kommunen si handtering av informasjon og kommunikasjon under kriser
- Oppfølging og arbeid med kommunen sin språkprofil og "Klart språk"
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning og erfaring innan kommunikasjonsfag og mediehandtering
- Det er ein fordel om du også har kjennskap til informasjonsarbeid under kriser
- Har god innsikt i det digitale medielandskapet og kan sosiale media
- Har interesse/kunnskap om digitale løysingar, og har kjennskap til aktuell programvare innan bilete-/videoredigering, design og layout
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne, både på nynorsk, bokmål og engelsk
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er:
- Serviceinnstilt og engasjert
- Kreativ, løysingsorientert og strategisk
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Skapar tillit og viser høg etisk standard
- Samarbeidsvillig, tek ansvar, men og kan arbeida sjølvstendig
- Er endringsvillig og ønskjer kontinuerleg forbetring i arbeidet
Vi tilbyr
- Ein sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette
- Gode fagmiljø innan eit breitt mangfald av fagområde
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5799203Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024