Detaljer

  • Søknadsfrist
    22.01.2018
  • Bedrift
    Trainee Vest
  • Sted:
    BERGEN
  • Type arbeid:
    Trainee
  • Stillingstype:
    Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Interesseorganisasjoner
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    Bergen
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    615715

Spørsmål rettes til

  • stine fjeldstad
  • Telefon: 48313338

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle horda­landssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhel­setenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for ver­diskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Vi søkjar trainee i fylkesadministrasjonen

Fylkesadministrasjonen omfattar administrasjon og støttefunksjonar for dei tenestene Hordaland fylkeskommune er sett til å utføre. Vi søkjer etter ein trainee som vil få oppgåver innafor delar av denne verksemda.

Frå januar 2020 skal Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar verte éin fylkeskommune: Vestlandet. Regionreforma er ein stor endringsprosess som krev ei samordning av alle funksjonar og tenester som ligg til dei to fylkeskommunane. Endringa vil venteleg påverke arbeidsmåtar og organisering i fylkesadministrasjonen.

Arbeidsstad
Traineen vil få arbeidsstad i Bergen. Fylkesrådmannen er øvste leiar av administrasjonen.

I fylkesadministrasjonen har vi desse avdelingane:
  • Kultur- og idrett
  • Opplæring
  • Regional
  • Samferdsel
  • Tannhelse
  • Økonomi- og organisasjon
  • Eigedom
  • Bybanen utbygging

Samfunnsoppdraget vårt er: Vi utviklar Hordaland. Gjennom samfunnsoppdraget vårt utøver vi fire viktige roller: Vi er tenesteprodusent og samfunnsutviklar, men også utøvar av mynde. Vi utgjer ein regional demokratisk arena med viktige politiske organ og oppgåver.

Arbeidsoppgåver

Traineen vil kunne få arbeidsoppgåver i ei eller to av avdelingane våre.
  • Utgreiingsarbeid i samband med regionreforma og andre aktuelle problemstillingar
  • Delta i digitaliseringsarbeid
  • Delta i implementeringa av nye verktøy og system
  • Andre oppgåver innanfor fylkesadministrasjonen sine kjerneoppgåver

Kvalifikasjonar
  • Til trainee-stillinga ønskjer vi nyutdanna eller kandidatar med maks eitt års arbeidserfaring.
  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå på minimum bachelornivå.
  • God kommunikasjonsevne munnleg og skriftleg. Hordaland fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsmål.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
  • Godt og oppdatert kjennskap til vanleg IT-verktøy, som Office-pakken.

Personlege eigenskapar
  • Hordaland fylkeskommune er ei kompetanseverksemd med mange høgt utdanna og erfarne medarbeidarar.
  • Trivast med endring og det å ha mange jarn i elden
  • Vere nytenkjande og kunne arbeide tverrfagleg
  • Gode relasjonelle eigenskapar

Vi tilbyr
  • Eitt års tilsetjing i 100 % stilling som trainee, med start 1. september 2018
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Introduksjonskurs for nytilsette
  • Fleksitid
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Kantine
  • Sykkelparkering med garderobe
  • Aktiv KvarDag – tiltak for tilsette for å betre folkehelsa
  • Miljøfyrtårnsertifisert verksemd
  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest
  • Medlemskap i U37, Bergen Næringsråds nettverk for unge i næringslivet
Se de 19 andre stillingene og les  mer om vilkår for å søke en traineestilling i annonsen på Finn eller på våre nettsider: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=110624646