• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4951968
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

HMS inspektør

Ferger

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet og gjennom nye anbodskontrakter har Fjord1 dei siste åra teke ein leiande posisjon innan vår bransje. Vi i Fjord1 er teknologioptimistar, og skal vere best i bransjen på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.

 

Ein av våre dyktige tilsette går over i ny stilling i selskapet, og vi har difor ledig stilling som HMS inspektør ved sikkerheitsavdelinga vår.   

I denne stillinga er vi på jakt etter ein proaktiv og dyktig medarbeidar som ønskjer å bidra til vidare utvikling av Fjord1 sitt  sikkerheitsarbeid. Du vert ein del av sikkerheitsavdelinga som bistår heile rederiet med si støtte, og som består av fire dyktige kollegaer. 

Som person har du godt humør og bidreg aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og dei rundt deg. Dine kollegaer opplev deg som ein lagspelar med høg arbeidsmoral og stor kapasitet. Du er både engasjert, systematisk og bidreg aktivt til endring og effektivisering.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. For denne stillinga opnar vi for søkarar i både Florø, Molde og Bergen. Ved jambyrdige kandidatar vil søkarar som vel Florø som kontorstad bli prioritert. Vi oppmodar kvinner til å søke.  

Kvalifikasjoner:

  • Erfaring innan HMS-arbeidet, fortrinnsvis frå maritim bransje 
  • Relevant høgare utdanning 
  • Kunnskap om risikostyring, sikkerheitsstyringssystem og gransking av uønskte hendingar
  • Gode IT-kunnskapar

Personlige egenskaper:

  • Motivert, engasjert og initiativrik
  • Proaktiv, strukturert og systematisk
  • Høg gjennomføringsevne 
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team

Vi tilbyr:

  • Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
  • Moglegheit til å påverke og delta aktivt i utvikling av det faglege miljøet  
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig lønn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    31.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4951968
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA