Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Helsesjukepleiar - vikariat i 80% stilling

Politi, brann og toll

HELSE OG FAMILIE HAR LEDIG VIKARIAT FOR HELSESJUKEPLEIAR I 80% STILLING FRÅ SNARAST OG TIL OG MED 28.02.2022

Andre med 3-årig relevant høgskuleutdanning kan også søkje.

Vil du vere med å utvikle skulehelsetilbodet til barn og unge i Surnadal? Vi ønskjer oss ein helsesjukepleiar som ser barn og ungdom, og som tek seg tid til å høyre på deira historier og lytte til deira behov. Vi ønskjer også at du er interessert i flyktningearbeid, og at du vil vere med på å skape eit trygt møte med kommunen si helseteneste. 

Surnadal kommune har ledig vikariat i 80% stilling som helsesjukepleiar frå snarast og t.o.m. 28.02.2022. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Helsesjukepleiar har m.a "Open trefftid" for elevane i grunnskulen, gruppesamtalar, individuelle samtalar og klasseromsundervisning i tillegg til helseundersøkingar
  • Det kan bli aktuelt å ha timar på Helsestasjon for ungdom
  • Helsesjukepleiar har medansvar for å skape eit nært samarbeid med dei tilsette og leiinga ved skulen, og å arbeide tverrfagleg med PPT, BUP, fastlegar, barnevern og foreldre/foresatte
  • Flyktningehelseteneste
  • Elektronisk dokumentasjon og journalskriving i HsPro
  • Reisevaksinering og andre oppgåver i helsestasjonen må påreknast alt etter søkjaren sin kompetanse

 

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med offentleg godkjenning som sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • Praksis som helsesjukepleiar i skulehelseteneste og i flyktningearbeid er ønskjeleg
  • Om det ikkje er søkjarar med godkjend vidareutdanning som helsesjukepleiar, kan andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning bli tilsett og får da stilling og stillingsinnhald i høve sin kompetansebakgrunn 

Personlege eigenskapar vi ser etter:

  • Fagleg engasjement og du trivst med å arbeide med barn, ungdom og foreldre/føresette
  • Interesse for å arbeide med flyktningar i alle aldrar
  • Evne til sjølvstendig og tverrfagleg arbeid
  • Fleksibilitet og fokus på løysingar, toleranse for høgt arbeidstempo
  • Godt humør, du er utadvendt og har positive haldningar
  • Gode samarbeidsevner, evne til kommunikasjon og med god skriftleg og muntleg framstillingsevne

 

Vil tilbyr:

 Vi har eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og samhandling står sentralt.

 Surnadal kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar.

 Vanlege kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk. 

  

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

 

Det blir halde intervju med aktuelle søkarar.