• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    15.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4977996
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 28.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Helsesjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Oppvekst har om lag lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur , bibliotek og Austevollbadet. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

 

Arbeidsstad

Helsetasjon- og skulehelsetenesta har som mål å drive førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge og deira familiar. Trygge og friske barn og unge er vår visjon. Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivsel, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen. Austevoll kommune inngår i eit tverrfagleg samarbeid med BUP Fana, med faste samarbeidsmøter.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene på helsestasjon vil vere helsefremjande og førebyggande helsearbeid arbeid mot barn får 0- 5 år og deira foreldre. Arbeidsoppgåvene omfattar  helseopplysning, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinering.

Arbeidet i skulehelsetenesta føregår på skular og er retta individuelt mot elevar og som undervisning i grupper- og klassar. Oppgåvene omfattar målretta helseundersøkingar, rettleiing og støttesamtaler med elevar, samt vaksinering.

 

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis helsesjukepleiar, men sjukepleiarar kan og søke
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge og vaksne er ønskeleg
  • Førarkort for personbil
  • Gyldig politiattest

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Me søkjer deg som er målretta, fleksibel og evner å jobbe i team. Vidare må du:

  • ha eit stort engasjement for å hjelpe mennesker
  • gode evner til samarbeid
  • ha stor arbeidskapasitet.
  • evne til organisering og sjølvstende

 

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    15.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4977996
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 28.01.2023