Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.02.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3375490Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Helsesjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå 01.04.2021.
Helsestasjonen/ skulehelsetenesta i Gulen kommune har i dag to helsesjukepleiarar i fulle stillingar. Helsestasjonen har sin base på Gulen helsesenter i Eivindvik, der dei er samlokaliserte med legetenesta og psykisk helse. Skulehelsetenesta vil primært ha sin base på dei fire grunnskulane i kommunen.
På bakgrunn av nasjonale retningslinjer om styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta har vi auka til tre stillingar frå april 2021.
Arbeidsoppgåver:
- Helsestasjon 0-5 år
- Skulehelseteneste
- Helsestasjon for ungdom
- Miljøretta helsevern/smittevern
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar:
Offentleg godkjent sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Det er ynskjeleg med erfaring innan helsestasjon og skulehelsetenesta
- Førarkort klasse B
- Krav til gode norskkunnskaper; både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Er fleksibel og kommuniserer/ samhandlar godt med barn, foreldre og kollegaer
- Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing
Anna:
- Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Gyldig helse- og politiattest må famvisast før tiltredning
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Triveleg arbeidsmijlø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Hjelp med å skaffe bustad
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
01.02.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3375490Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.01.2021