Detaljer

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2020
  • Sted:
    TYSSE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    TYSSE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3284146
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune

Helsesjukepleiar

Me har ledig vikariat som helsesjukepleiar i 55 % - 70 % stilling ved Samnanger helsetun sentralt i Samnanger, 40 minutter kjøring frå Bergen.  Stillinga vil  væra frå  8. februar 2021 til 3. oktober 2021 med mogliheit for fast stilling.  Stillinga er organisatorisk plassert i eining Helse og einingsleiar vert næraste overordna. I eining Helse finn ein legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog og fysioterapi. Stillinga er plassert hovudsakleg i Skulehelsetenesta. 

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging og oppfølging av helse, både psykisk og fysisk
  • Oppfølging av vaksinasjon og smittevern
  • Tverrfagleg samarbeid internt og dei ulike kommunale instansane 
  • Journalføring og dokumentasjon
  • Tilby skulehelseteneste iht lov, forskriftar og Nasjonal faglege retningslinje 

Kvalifikasjonar:

  • Offentlig godkjendt helsesjukepleier
  • Oppdatert faglig kunnskap på fagområdet
  • IKT kompetanse vil bli vektlagt
  • Evne å arbeida målretta og sjølvstendig så vel som i team
  • Politiattest må framleggjast 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera, systematisk og tydelg, arbeide sjølvstendig, snakke godt norsk og kunne formulere seg godt skriftleg
  • Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva helsestasjonen treng
  • Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Disponera eigen bil


Me tilbyr:

  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.