Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Helsesekretær

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og omsorg er ei eining med om lag 50 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Legetenesta har ledig 50 % fast stilling frå 01.06.2020 og 30 % vikariat fram til 24.08.2021  

Arbeidsstad

Legetenesta er eit fastlegekontor med 6 legar. Vi har i tillegg daglegevakt. Legetenesta deltek i eit pilotprosjekt med primærhelseteam, og helsesekretær vil ha ei rolle i behandlings- og koordineringsteam knytt til einskildpasientar. Vi jobbar tett saman med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta for å gje best mogleg oppfølging av våre pasientar. Vi nyttar infodoc journalsystem.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Behandle og løyse innkomande førespurnader på telefon, post, elektronisk og ved oppmøte
  • Ta vare på pasientar og pårørande på legesenteret
  • Oppgåve knytt til timebestilling, pasientreisar, innkallingar oppfølging og koordinering.
  • Samarbeid med andre tilsette på legesenteret og i kommunen.
  • Drift av laboratoriet
  • Merkantile funksjonar
  • Ansvar for arkiv, økonomi/rekneskap, datasystem

Kvalifikasjonar

Det krevs utdanning som helsesekretær. Erfaring frå fastlegekontor er ønskjeleg. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med helsesekretærutdanning kan det vere aktuelt å tilsette søkjarar med utdanning som helsefagarbeidar eller bioingeniør med erfaring frå fastlegekontor eller tilsvarande.

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga og ha gyldig politiattest. Vi søkjer deg som er sjølvstendig, fleksibel og  evner å jobbe i team. Vidare må du:

  • arbeide raskt og trivast med høgt tempo
  • vere serviceinnstilt og ha gode  samarbeids - og kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og kollegaer 
  • ha gode kunnskapar i  norsk munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
  • vere fagleg dyktig og pliktoppfyllande og leggje di ære i kvalitet i arbeidet
  • vere systematisk og ta eit overordna ansvar for den merkantile drifta

 Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.