Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
22.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6235512Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Helsefagarbeidarar i 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Brannvesen
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling.
I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald).
Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen. Den utlyste stillinga inneheld muligheter for desse variasjonane.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Arbeidsoppgåver:
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
- stell og pleie
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar.
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Kvalifikasjonskrav:
- helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar med autorisasjon
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å kunne ivareta dialog og krav til dokumentasjon
Vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring.
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs.
- Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel.
- Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
22.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6235512Se her for andre jobber fra Surnadal kommune