• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4915742
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.01.2023
Ledig stilling

Gulen kommune

Helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar - helgestilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Det tar omlag 1,5 time med ekspressbåt og 2 timar med bil frå Eivindvik til Bergen sentrum. Kommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private. Kommunen er elles behjelpeleg med å skaffe bustad for leige.

Gulen kommune har ledig faste stillingar på helg. Vi søkjer deg som er helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar, men andre kan også søkje. 

Vi har fylgjande stillingar ledige: 

  • 13% stilling, for tida arbeid 3. kvar helg.
  • 18% stilling, for tida langvakter 4. kvar helg. 

Arbeidsoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar. Andre kan også verte vurdert. 
  • Førarkort klasse B
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing 

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart. 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.02.2023
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4915742
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.01.2023