• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5338917
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 01.09.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad

Helsefagarbeidar Kvam heimeteneste

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye kollega?

Me søkjer etter helsefagarbeidar i fast stilling frå snarast. Stillinga er i stillingsstorleik 60 % med arbeidshelg kvar 3. helg. Denne stillinga er for tida knytt til arbeid i Ålvik-området.

Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team.

Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. 

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg og praktisk bistand
  • Pårørandekontakt
  • Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Evne til å ta ansvar og arbeida sjølvstendig og i team
  • Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
  • God norskkunnskap munnleg og skriftleg
  • Sertifikat kl B

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar

Personlege eigenskapar

  • er positiv, lærevillig og fleksibel
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å arbeida sjølvstendig og saman i team
  • har god arbeidskapasitet
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Variert arbeidskvardag
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    17.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5338917
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
  • Oppdatert 01.09.2023