Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
03.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5452273Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Helsefagarbeidar i natt-tenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobba med oss i natt-tenesta?
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig 70 % årsvikariat frå snarast/etter avtale. Stillinga har oppgåver i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustad.
Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimen og i heildøgns omsorgsbustad
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må ha sertfikat klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og nytenkjande helsefagarbeidar.
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst til å utvikla deg fagleg
- Jobbar sjølvstendig, men har og har evne til å samarbeida med andre
- Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
03.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5452273Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Sjukepleiar, Toloheimen langtidsavdeling - demens
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Sjukepleiar, Øysteseheimen langtidsavdeling
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Tilkallingsvikarar barnehagane
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Avdelingsleiar Norheimsund skule
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Tilkallingsvikarar Balestrand
Sogndal kommune
Balestrand