Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
15.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6406402Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Helsefagarbeidar i fast 100% stilling
Brannvesen
Surnadal sjukeheim har ledig stilling på 100% for helsefagarbeidar.
Om ønskeleg kan stillingstorleik reduserast.
Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg, alternativt langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØDH (Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald).
Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Stillinga vi lyser ut, inneber mulegheiter for variasjon i innhald.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi skal tilsette:
- helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar med autorisasjon
- du kan vere nyutdanna eller ha erfaring
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk med tanke på dialog, anna kommunikasjon og dokumentasjon
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Arbeidsoppgåver:
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
- stell og pleie
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og fagsystem
Personlege eigenskapar og fortrinn:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det er behov for det. Du er endringsvillig og fokusert på å finne gode løysingar, noko som også inneber at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Vår visjon: 'Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!'
Følg oss på facebook; facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
15.10.2025Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6406402Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
Helsefagarbeidar/ assistent
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Helsefagarbeidar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Avdelingsleiarar i Bu- og aktivitetstenesta: 2 faste 100% stillingar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Fagarbeidar - fast 100% stilling Vatn og avløp
Surnadal kommune
SURNADAL -
Helsefagarbeidar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
Sogndal