Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359502Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Helsefagarbeidar, fast 80% stilling f.t natt ved Surnadal sjukeheim
Brannvesen
Surnadal sjukeheim har ledig 80% fast stilling for helsefagarbeidar.
Stillinga er f.t lagt til natt.
Vi har ulike vaktlengder og på helg har vi langvakter på opptil 10,5 time.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling.I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 bebuarrom.
Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Hos oss ha vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene med mål om auka tryggleik, kvalitet og trivsel for tilsette og bebuarar
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi søker:
- helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar med autorisasjon
- vi ser både etter deg som er nyutdanna og det som har erfaring
- deg som er god til å kommunisere på norsk og som har god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon
Arbeidsoppgåver:
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Personlege eigenskapar
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du har vilje til endring og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel.
Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane vår.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.10.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359502Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
Sjukepleiar i fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Surnadal kommune
SURNADAL -
Vernepleiar, fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
Surnadal kommune
SURNADAL -
Helsefagarbeidar - open søknad
Ål Kommune
ÅL -
Helsefagarbeidar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune
Rong -
Barnevernkonsulent
Austevoll kommune
STOREBØ