Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Stillingsfunksjon
HelsepersonellHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
5799177Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øysteseheimen langtidsavdeling, Kvam herad
Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?
Me har ledig 3 stk.100 % faste stillingar frå hausten. Stillingane er for tida knytt til 2 delt turnus med arbeid på dag og kveld, samt helg. Me tilbyr ulike helgerotasjonar og vaktlengde. Om ønskjeleg kan stillingsstorleik diskuterast.
Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu, og tilsette hos oss jobbar med å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
I pleie og omsorgstenesta legg me vekt på god kommunikasjon mellom brukarane og dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutiner og prosedyrer
- Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Lærlingar i helsefag i siste lærehalvår vert oppmoda om å søkja. Andre faggrupper innan helse kan óg søkja.
- Er du interessert i å ta utdanning som helsefagarbeidar medan du er i jobb hos oss, kan du vera aktuell for ei stilling som pleiemedarbeidar. Me ser etter deg som har genuin interesse for faget og er motivert for å ta utdanning innan helse og omsorg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg tilsvarande B2
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden
Personlege eigenskapar
- Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
- Du er engasjert og positiv
- Interesse for fagfeltet geriatri
- Tålmodig og god på samarbeid
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid
- Individuelt tilpassa turnusar så langt drifta tillet det
- Du får delta på relevante kurs og møter
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Kontakt
Anna Marie Frøseth
Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling
TLF: 481 45 217
Karina Barane
Teamleiar Øysteseheimen langtidsavdeling
TLF: 908 36 209
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Stillingsfunksjon
HelsepersonellHeltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
3karriere-kode
5799177Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024