Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5362628Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskjer du å gjera ein forskjell i eldreomsorga?
Me søkjer helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Stillinga er knytt til turnusarbeid kvar tredje helg. Me kan også tilby turnusarbeid med vakter på 12,5 time med arbeid kvar 4. helg.
- Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ei plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
- I det fleirfaglege miljøet vårt, og saman med pasientar er me opptatt av at dei tilsette kommuniserer og samarbeider godt.
Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i sentrum av Øystese. Det er 28 langtidplassar i avdelinga, tredje etasje er demensavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie til pasientar i høve til dagsplaner, rutiner og prosedyrer
- Vareta pasienten sin identitet, eigenverd og sjølvstendigheit
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
- Delta på relevante kurs og møter
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Har eit genuint ønske om å arbeida i eldreomsorga
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i grupper
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B1.
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet demens og trivst med arbeid med eldre
- Du er engasjert, positiv og trygg i rolla som helsefagarbeidar
- Tålmodig og god på samarbeid
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5362628Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund