Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873130Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 07.09.2024
Surnadal kommune
Helse- og omsorgtenestene: Stillingar på helg og engasjement som tilkallingsvikar
Brannvesen
Surnadal sjukeheim, Bu- og aktivitetstenesta og Heimetenesta har ledige stillingar på helg og engasjement som tilkallingsvikar.
Vi søkjer personale til ulike stillingstørrelsar på helg og deg som vil vere vikar på tilkalling.
Stillingane er godt egna for dei som ålanlegg eller er i gang med helsefagleg utdanning og kan tilpassast ein studiekvardag og gje verdifull praksis i studietida.
Skriv gjerne i søknaden din litt om kva arbeidsoppgåver/avdeling/tenestemottakarar som er mest aktuelt for deg.
Ønske om kvalifikasjonar:
Sjukepleiar hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, assistent.
Student på helsefagleg utdanning
Det er ein fordel med praksis frå liknande arbeid.
Førarkort kl. B for arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta
Det er krav om tilfredsstillande politiattest, den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Du er/har:
- gode samarbeidsevner men også evne til å arbeide sjølvstendig
- fleksibel og ser løysingar
- engasjert i arbeidet og motivert for å gje tenestmottakarane gode dagar og opplevingar
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleiing
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Bu- og aktivitetstenesta, kontaktperson Rakel Polden tlf 48054672
Vi gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus.
Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.
Heimetenesta, kontaktperson Elin Betten, tlf 95800140
Vi organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent.
I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet.
I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar.
Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital. KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar.
Sjukeheimen, kontaktperson Jenny Nordheim, tlf 48209641
Per i dag har vi 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demensssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi ein observasjonspost med 3 rom. Nokre av våre tilsette har heile eller delar av stillinga si og ein bemanningspool for sjukeheimen.
Vi har stort fokus på fagutvikling, rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene, kvalitet i tenestene, velferdteknologi, aktivitetar og matglede og refleksjon.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5873130Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 07.09.2024
-
Einingsleiar ved Heimetenesta
Surnadal kommune
SURNADAL -
Ledige vikariat og engasjement som tilkallingsvikar i skular og barnehagar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Einingsleiar ved Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune
SURNADAL -
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar
Aukra kommune
AUKRA -
Miljøterapeut 100 % fast stilling og 100 % vikariat
Aukra kommune
AUKRA