Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
5799167Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Helgestillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øysteseheimen langtidsavdeling
Me søkjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske
Stillingane er ledige frå august 2024. I helgestilling jobbar du dagvakter og kveldsvakter (todelt turnus), enten kvar 2. eller kvar 3. helg. Stillingsstorleik frå 14 - 25 %.
- Øysteseheimen langtidsavdeling har 28 sengeplassar og er lokalisert i sentrum av Øystese
- Målsetjinga vår er at hos oss skal det vera godt å bu. Våre tilsette jobbar for å gje pasientane ein trygg og verdig alderdom
- Me er opptatt av god kommunikasjon og godt samarbeid mellom pasient og tilsett og har fokus på den enkelte pasienten sitt behov for bistand
Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling. Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfaget, kan ei slik stilling gje deg gode erfaringar.
Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om korleis det er å jobba i helgestilling hos oss. Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, praktisk hjelp og pleie
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet, ro og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
- Ivareta pasientane sin identitet, eigenverd og sjølvstende
- Tilby tenester med høg standard
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som:
- Har eit genuint ønske om gje omsorg til eldre eller andre
- Kan arbeida sjølvstendig og i grupper
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
- Er fylt 18 år. Søkjarar under 18 kan verta vurdert, personlige eigenskapar vert lagt vekt på
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden
Personlege eigenskapar
Du er/har:
- Vilje og interessa for å arbeida med eldre eller menneske med ulike utfordringar
- Lærevillig og engasjert
- God til å formidla empati, visa respekt og omsorg
- Tålmodig og trygg
- Gode samarbeidsevner
- Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Meiningsfullt arbeid i lag med erfarne og kjekke kollegaer
- Du får god opplæring og opparbeider deg lærerik og nyttig arbeidspraksis
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Kontakt:
Anna Marie Frøseth
Gruppeleiar Øysteseheimen
Langtidsavdeling
TLF: 481 45 217
Karina Barane
Teamleiar Øysteseheimen langtidsavdeling
TLF: 908 36 209
karbar@kvam.kommune.no
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
5karriere-kode
5799167Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 28.06.2024