• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4240933
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 17.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Helgestillingar og ringevikarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Pleie-og omsorgtenestene i Samnanger kommune har behov for helgestillingar med arbeid anna kvar helg  og kvar tredje helg med helse/sosialfagleg kompetanse. Me har og behov for ringe vikarar. Stillingane vil være både i heimetenesta, på Samnangerheimen og på Skottabakken

Søknadsfrist : SNARAST RÅD - vi tek fortløpande kontakt med aktuelle søkjarar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i turnus med brukarar/pasientar
  • Ein vil få opplæring ved oppstart


Kvalifikasjonar

  • Helse/sosialfagleg kompetanse, fagarbeidarar, studentar i relevante fag, pleiemedarbeidarar
  • Du må vera over 18 år eller fylla 18 år innan utgongen av året. Er du under 18 år må du gå eller ha begynt på ei helsefagleg utdanning
  • Søkjarar må kunna kommunisera tilfredsstillande med kollegaer og brukarar/pasientar
  • Det er krav om politiattest til stillingane

 

Personlege eigenskapar

  • Me ønskjer vikarar med godt humør, som er fleksible og kan samarbeida godt med andre. Det er ønskjeleg med pleiefagleg bakgrunn, men ikkje eit absolutt krav
  • Personar som har interesse for å jobba med omsorgsbaserte arbeidsoppgåver, der det å kunne gjera kvardagen god for eldre, sjuke og funksjonshemma personar er i fokus, er velkomne til å søkja

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4240933
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 17.08.2022