Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Helgestillingar hos Toloheimen demensavdeling

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.

Stillingane er ledige frå hausten 2024. Helgestilling inneber dagvakter og kveldsvakter (todelt turnus), enten kvar 2. eller kvar 3. helg. Stillingsstorleik frå 14 - 25 %.

  • Toloheimen er ein langtidsavdeling med 16 sengeplassar
  • Målsetjinga vår er at hos oss skal det vera godt å bu. Våre tilsette jobbar for å gje pasientane ein trygg og verdig alderdom
  • Me er opptatt av god kommunikasjon og godt samarbeid mellom pasient og tilsett og har fokus på den enkelte pasienten sitt behov for bistand

Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei meiningsfull deltidsstilling. Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfaget, kan ei slik stilling gje deg gode erfaringar.

Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om korleis det er å jobba i helgestilling hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Gje god omsorg, praktisk hjelp og pleie
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet, ro og trivsel
  • Dagleg journalføring i Gerica
  • Ivareta pasientane sin identitet, eigenverd og sjølvstende
  • Tilby tenester med høg standard

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • Har eit genuint ønske om gje omsorg til eldre eller andre
  • Interesse for demens
  • Kan arbeida sjølvstendig og i grupper
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Er fylt 18 år. Søkjarar under 18 kan verta vurdert, personlige eigenskapar vert lagt vekt på

- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
- Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden


Personlege eigenskapar

Du er/har:

  • Vilje og interessa for å arbeida med eldre eller menneske med ulike utfordringar
  • Lærevillig og engasjert
  • God til å formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Tålmodig og trygg
  • Gode samarbeidsevner
  • Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Meiningsfullt arbeid i lag med erfarne og kjekke kollegaer
  • Du får god opplæring og opparbeider deg lærerik og nyttig arbeidspraksis
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.