Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba i helgestilling hos oss?

Me søkjer deg som er interessert i helgearbeid, kanskje du vil kombinera helgestilling med studier, eller har lyst å prøva deg i omsorgsyrke? 

Som tilsett i helgestilling hos oss får du eit meiningsfullt arbeid samtidig som du opparbeider deg verdifull arbeidspraksis. Du vil få god opplæring av erfarne og dyktige kollegaer. Helgestillingane er i stillingsstorleik 13- 20 % og er knytt til turnusarbeid. Det er stillingar med arbeid kvar 2. helg eller kvar. 3. helg.

Toloheimen langtidsavdeling for personar med demenssjukdom er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i Norheimsund.
Me har 16 langtidplassar på avdelinga, delt inn i to grupper med 8 pasientar på kvar gruppe, gruppe 3 Vest og Firkløveren.

Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett på gruppa. Me ynskjer oss tilsette som har interesse for fagfeltet demens, og trivast med å arbeida med eldre. Har du erfaring frå arbeid på demensavdeling er det ein fordel.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til pasientane på avdelinga
  • Demensomsorg
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • har helsefagleg utdanning, men andre er også velkomne til å søkja
  • har lyst å jobba med eldre menneske
  • trivst med å gje omsorg og hjelp
  • har interesse for demensomsorg
  • er over 18 år

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

Trygg og tålmodig
Fleksibel og løysingsorientert
Raus og inkluderande
Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.