• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769903
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Helgestillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba i helgestilling hos oss?

Me søkjer deg som er interessert i helgearbeid, kanskje du vil kombinera helgestilling med studier, eller har lyst å prøva deg i omsorgsyrke?  Som tilsett i helgestilling hos oss får du eit meiningsfullt arbeid samtidig som du opparbeider deg verdifull arbeidspraksis. Du vil få god opplæring av erfarne og dyktige kollegaer. Me har 5 helgestillingar på 14 % som er knytt til turnusarbeid kvar tredje helg, med arbeid på laurdag og søndag.  

Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og er lokalisert i sentrum av Øystese. Me har 28 langtidplassar.

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har som mål skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Pleie og omsorgstenesta har gjennomført ei større omorganisering og tenesta er organisert i tre avdelingar: tenester til menneske med utviklingshemming, tenester til heildøgnsomsorg og tenester til heimebuande.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarane på avdelinga
  • Demensomsorg
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • har helsefagleg utdanning, men ufaglærte er også velkomen til å søkja
  • har lyst å jobba med eldre menneske
  • trivst med å gje omsorg og hjelp
  • har interesse for demensomsorg
  • er over 18 år

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

Serviceinnstilt og engasjert
Fleksibel og løysingsorientert
Raus og inkluderande
Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769903
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad