Detaljer

  • Bedrift
    Skodje kommune
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Sted:
    SKODJE
  • Stillingstype:
    Deltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SKODJE
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2165752
  • Se her for andre jobber fra Skodje kommune

Helgestilling/tilkallingsvikar - Prestemarka bu og dagtilbod

Skodje kommune er ei kommune i vekst som frå 2020 slår seg saman med Ørskog, Haram, Sandøy og Ålesund, med mottoet "Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi tore å gjere noko med". Stillingane vert overført til nye Ålesund frå 01.01.2020.

Prestemarka bu- og dagtilbod yter helse- og omsorgsteneste til rundt 35 tenestemottakarar med ulike behov, dei fleste med diagnose utviklingshemming. Prestemarka yter tenester i eit dagtilbod, butilbod og avlastningstilbod. Prestemarka være ein stad for utvikling og trivsel for både tilsette og tenestemottakarar.

Er du for eksempel student innan helse- og omsorgsfag vil vi gjerne bli kjent med deg. Eller er du for eksempel berre veldig kjekk og pliktoppfyllande har vi også lyst å bli kjent med deg. Stillingane er hovudsakleg kvar 4 helg, med moglegheiter for ekstravakter. Nokre av stillingane er kvar 3 helg. Stillingsprosentane varierar, frå ca 11% til ca 25 %.

Arbeidsoppgåver
  • Målretta miljøarbeid.
  • Bruk av hjelpemiddel, også velferdsteknologiske hjelpemiddel.
  • Samhandling med pårørande, kollegaer og tenestemottakarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrar i tråd med lovverk
  • Legemiddelhandtering.
  • Vere ein pådrivar for å utvikle gode rutiner og arbeidsmetodar
  • Aktiviteter som gir meiningsfulle opplevingar.
Kvalifikasjonar
  • Assistent
  • Evne til å samarbeide og arbeide sjølvstendig
  • Evne til å følgje prosedyrar og rutinar
  • Må beherske norsk skriftlig og munnleg.
Personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Fleksibel
  • Sjølvstendig
  • Pliktoppfyllande
  • Gode samarbeidseigenskapar
Vi tilbyr
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • God opplæring, og eit godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.