Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Har du lyst på jobb som VJ i Bergen?

Radio- og TV-selskaper

I Bergen har vi ledig eit 80 % vikariat som videojournalist. Vi søkjer ein VJ som i hovudsak skal jobbe med nyheiter i NRK Vestland.

Arbeidsoppgaver:

Videojournalistane våre jobbar med å lage saker frå Vestland til lokale og nasjonale nyheitssendingar på NRK. Her ser vi etter ein fotograf som både er trygg teknisk og journalistisk og som ikkje kvir seg for å jobbe åleine med ein sak frå a til å.

Meir i detalj så ønskjer vi at du har:

- lyst til å jobbe med dagsaktuelle saker og hendingar
- idear til saker og tema som kan treffe både ungt og breitt
- erfaring som fotograf, både video og stills
- god kjennskap til Adobe Premiere
- erfaring med å levere direkteinnhald til nett og TV

For å søkje på dette vikariatet må du ha førarkort klasse B.

Kvalifikasjoner:

Vi ønskjer søkjarar med utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Det er eit krav at søkjarar har sikker språkføring i norsk, både skriftleg og munnleg.
Våre videojournalistar går i ein turnus som inneber vakter på dag- og kveldstid og i helger.

Vi tilbyr:

Hjå oss får du eit trygt arbeidsmiljø med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Vi held til i trivelege og moderne lokaler i Media City Bergen med kort veg til det meste.