Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349236Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Gruppeleiar Toloheimen langtidsavdeling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og søkjer nye utfordringar?
Me søkjer deg som vil bidra inn i eit godt arbeidsmiljø med mange engasjerte og dyktige medarbeidar. Saman jobbar me for at pasientane våre skal oppleva gode kvardagar gjennom fagleg og god pleie, tryggleik og stabilitet og få delta i aktivitetar som passar den enkelte.
Langtidsavdelinga/gruppe 3 ligg i 2.etg på Toloheimen i Norheimsund og er ei avdeling med 16 plassar for personar med demenssjukdom.
Avdelinga legg vekt på å ha ei roleg atmosfære, slik at dei som bur der skal kjenna seg trygge.
Gruppeleiarstillinga er administrativ med dagarbeid og er organisert under helse og omsorg i avdeling for heildøgnstenester.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i kommunen sine mål om å skapa tenester for framtida i samarbeid med resten av helse- og omsorgstenesta
- Administrative oppgåver, drift- og utvikling innan fag, personal og økonomi
- Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbetringsarbeid og endringsarbeid i avdelinga og elles innan institusjonstenesta
- Fagleg rettleiing til personalgruppa, lærlingar og studentar
- Bemanning- og arbeidstidsplanlegging
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarutdanning eller erfaring som leiar er ein fordel
- Vidareutdanning og/eller interesse for geriatri og demens vert lagt vekt på
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
- Eit sterkt engasjement for faget demens og å gje gode tenester til bebuarane
- Viser høg etisk standard, er ærleg og lojal
- Har ei målretta og strukturert arbeidsform
- Er ansvarsbevisst og kan arbeida sjølvstendig
- Har gode samarbeidseigenskaper, er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr
- Eit tverrfaglig og godt arbeidsmiljø mellom sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, fysioterapeut og sjukeheimslege
- Høve til personleg og fagleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn
- Løn etter avtale
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.10.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5349236Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund