Spørsmål rettes til

Anne Vestrheim
tlf: 56553034

Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Gruppeleiar Tolo omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye kollega?

Det er ledig 100 % fast stilling som gruppeleiar frå 01.02.2023. Stillinga er organisert i pleie og omsorg, avdeling heildøgnstenester og er for tida knytt til Tolo omsorg som er lokalisert i Norheimsund.

Me søkjer deg som vil jobba fagleg, utvikla tenestetilbodet vidare og som saman med dei tilsette vil gje bebuarane eit trygt og godt liv. Hos oss vil du få ei spennande leiarstilling med god støtte frå fleire fagfunksjonar. 

I Tolo omsorg er det 32 omsorgsbustader fordelt på to hus ( hus A og B ). I personalgruppa er det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Personalet arbeider fleksibelt i begge hus.

Pleie og omsorgstenesta i Kvam er i endring. Sentralt i den nye omsorgsmodellen er meir satsing på tenester til heimebuande. Me arbeider med å videreutvikla tenestene i utviklingsprosjektet "Eit godt liv der me bur- tenester for framtida- meistring og deltaking" .

Pleie og omsorg er organisert i tre avdelingar; tenester til heimebuande, heildøgnstenester og tenester til menneske med utviklingshemming.

Gruppeleiar i Tolo omsorg deltek i heildøgnsomsorg si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver
  • Fag, økonomi og personalansvar for om lag 15 årsverk 
  • Gruppeleiarstillinga er organisert i avdeling heildøgns-omsorg og vil ha ansvar for drift og tenesteutvikling i  omsorgsbustadane
  • Som gruppeleiar vil du ha eit tett samarbeid med dei andre leiarane i pleie og omsorg

Kvalifikasjonar
  • Bachelor i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Leiarutdanning/ leiarerfaring  er ønskjeleg
  • Stillinga høver for deg som ønskjer utviklingsoppgåver, som er løysingsorientert og kan handtera ulike utfordringar på ein fleksibel måte
  • Som leiar må du kunna skapa oppslutning om endringar
  • Du må kunne styra etter vedtekne mål og rammer for tenesta
  • Du må ha evne til å koordinera og prioritera mellom oppgåver i ein travel arbeidskvardag
  • Me ønskjer ein leiar som kan kommunisera tydelege forventningar, gje tilbakemeldingar og legge til rette for utvikling, gjennom å involvera og gje ansvar til medarbeidarane

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

Me ynskjer deg som:

  • Har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevne og viser engasjement og fleksibilitet
  • Kan jobba sjølvstendig og i team
  • Har eit støttande, relasjonsorientert og tillitsbasert leiarskap

Vi tilbyr

Varierte, lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit tverrfagleg, nyskapande og løysingsorientert arbeidsmiljø
Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Spørsmål rettes til

Anne Vestrheim
tlf: 56553034