• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769859
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Gruppeleiar, Heildøgnstenesta - Øysteseheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye kollega ?

Me er på jakt etter ein kompetent og kreativ leiar til sjukeheimen i Øystese. Stillinga er ledig frå januar 2023.

Øysteseheimen ligg vakkert til med utsikt over Øystese, Hardangerfjorden og Folgefonna. Sjukeheimen har 28 institusjonsplassar, inkludert demensavdeling. Personalgruppa er tverrfagleg med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeut og sjukeheimslege.

Det er viktig for oss at bebuarane har eit godt liv. Me søkjer deg som vil jobba fagleg, utvikla tenestetilbodet vidare og som saman med dei andre tilsette vil gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.  Hos oss vil du få ei spennande leiarstilling med god støtte frå ulike fagfunksjonar.


Arbeidsoppgåver

  • Drift- og utviklingsoppgåver innan fag, personal og økonomi
  • Gje fagleg veiledning til personalet 
  • Aktiv deltaking i kontinuerlege forbetringsarbeid
  • Bemanning- og arbeidstidsplanlegging i samarbeid med assisterande gruppeleiar og tillitsvalde
  • Kontakt med beburarar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning og /eller interesse for geriatri og demens vert lagt vekt på
  • Leiarutdanning og-/ eller leiarerfaring innan helsesektoren er ei føremon
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for fagleg forsvarlege tenester. Ikkje-nordiske kandidatar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller test på tilsvarande nivå. Dokumentasjon må leggjast ved.

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. 

Personlege eigenskapar

  • Eit sterkt engasjement for å gje gode tenester til bebuarane
  • Er ein god rollemodell og viser høg etisk standard
  • Er roleg i utfordrande situasjonar
  • Er ein kulturbyggjar for godt samarbeid og kontinuerleg forbetring
  • Kan leia endringsprosessar på ein god måte
  • Har ei målretta og strukturert arbeidsform
  • Er kreativ og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Eit tverrfaglig og godt arbeidsmiljø der me jobbar godt saman for å utvikla kvarandre og tenestene 
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gruppeleiar vil ha tett samarbeid med assisterande gruppeleiar.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar    


Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4769859
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad