• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    20.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5024705
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 21.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Grunnskolelærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Arbeidsoppgåver

Gossen barne og ungdomsskole søker grunnskolelærarar 1.-7. og 5.-10. Fagønske:norsk, kompetanse i særskild norskopplæring, spesialpedagogikk. Vi har mange elevar med anna morsmål. 
Dei som blir tilsette må pårekne å ta på seg kontaktlæraransvar.

Krav til søkar  

- Glad i å vere med å utvikle barn emosjonelt, sosialt og fagleg
- Formelle krav til stillinga finn ein i forskrift til opplæringslova
- God på relasjon, klasseleiing og samarbeid med heimen
- Fagleg trygg og god på tilpassing
- Utviklingsorientert og løysingsorientert
- Har god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
- Brukar nynorsk som målform
- Kan kommunisere, samarbeide, er stabil og fleksibel

Vi tilbyr 
 
Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.
Skolen er utviklingsorientert og har delteke i mange nasjonale satsingar. Vi arbeider no i eit prosjekt saman med Skrivesenteret og NTNU, og har saman med kommmunepsykologen fokus på tilknytingspsykologi.
Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
- Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Aukra kommune kan tilby eit rekrutteringstilskot etter nærare avtale for søkarar med godkjent grunnskoleutdanning.

Særskilte krav

Det blir stilt krav om politiattest

Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    20.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5024705
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 21.02.2023