Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Statistisk sentralbyrå - SSB

Førstekonsulent/rådgivar

Offentlige tjenester og forvaltning

I Seksjon for operasjonell forretningsstøtte jobbar 10 dyktige medarbeidarar med støtte til verksemda. Seksjonen samlar blant anna inn oppgåver på tvers frå andre seksjonar i SSB, som deretter blir standardiserte, forbetra og automatiserte i tett samarbeid med andre fageiningar i SSB. På grunn av mange oppgåver er det no behov for ein ny driftsmedarbeidar. Det er ønskeleg at du meistrar SAS som verktøy og at du ønsker å jobbe med både driftsoppgåver, forbetringsprosessar og utvikling i samarbeid med gruppene på seksjonen.

Seksjonen består av to grupper: Team drift og editering og Team utvikling, forbetring og automatisering. Seksjonen har fullt fokus på at SSBs oppgåver og tenester skal bli effektivisert. Vi ser etter ein person som liker å jobbe med konkrete oppgåver, er løysingsorientert og trivst i eit utviklande miljø der ein heile tida ser etter forbetringar og gode løysingar.

Arbeidsoppgaver
  • Gjere driftsoppgåver som løpande blir overførte til seksjonen
  • Bidra til å forbetre og effektivisere oppgåvene som blir overførte
Kvalifikasjoner
  • Relevant utdanning på bachelornivå
  • Meistre SAS, SPSS, STATA eller liknande
  • Gode excelkunnskaper er ønskeleg 
  • Erfaring med å kvalitetssikre data til statistikkproduksjon er ønskeleg
  • Kjennskap til statistikkproduksjon
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk
  • Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
Personlige egenskaper
  • Gode samarbeidsevner samt like å arbeide i team
  • God serviceinnstilling overfor brukarar
  • Vere strukturert
  • Evne til å handtere mange oppgåver samstundes
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr. 428 200 - 504 700 etter kvalifikasjonar.  Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokalar i Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

 

Generelt

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål.  Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing. 
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma. 
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
    Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.