• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3792918
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 03.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Flyktningkoordinator - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Flyktningkoordinator - 100% fast stilling

Arbeidsstad

NAV Austevoll har i alt 6 faste tilsette; - 4 kommunale og 2 statlege.  Vi er opptekne av å gje brukarane våre fagleg gode tenester på ein god måte, i samhandling med brukar og aktuelle samarbeidsinstansar. NAV Austevoll har eit godt arbeidsmiljø og er i stadig utvikling for å bidra til at fleire kjem i arbeid og aktivitet, til gode velferdstenester og eit sterkt sosialt tryggingsnett.

Ansvars – og arbeidsområde:   

  • Busetting og oppfølging av flyktningar
  • Introduksjonsprogram, tiltak for opplæring, kvalifisering, arbeid og integrering                                              
  • Kompetansekartlegging og utarbeiding/oppfølging av individuell plan                                                                                                                                                                      
  • Sakshandsaming, rapportering                                                                                                                             
  • Koordinering av samarbeid mellom ulike aktørar                                                                                                                 
  • Kontakt med offentlege og private arbeidsgjevarar, lag og organisasjonar
  • Koordinere tenester med til dømes vaksenopplæring, helsevesen, næringsliv, NAV og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidet vil i all hovedsak vere på dagtid, men noko arbeid ettermiddag/kveld og innimellom helg må påreknast.

Kvalifikasjonar:                                                                                                                                   

  • Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule eller universitet.                                                       
  • Kvalifiserande praksis/og eller lang arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid kan eventuelt kompensere for utdanningskravet.                                                                                                                                    
  • Erfaring frå arbeid med busetting og oppfølging av flyktningar                                                                                                                                                              
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing                                                                                                                     
  • Gode digitale ferdigheiter                                                                                                                                 
  • Kjennskap til relevant lovverk                                                                                                                                  
  • Erfaring med sakshandsaming i det offentlege er ein fordel
  • Ha gode språkkunnskapar; - muntleg og skriftleg (norsk og engelsk)
  • Må ha sertifikat og bør kunne disponere eigen bil

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er har god kommunikasjonsevne, er ein god relasjonsbyggar, og forstår ulike kulturar og migrasjonsprosessar. Vidare må du:            

  • ha gode samarbeidsevner    
  • vere løysingsorientert
  • vere strukturert og kunne ta avgjerder på strak arm
  • vere sjølvstendig                                                                                                                              

 

Vi tilbyr:

  • Meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde i eit godt fagmiljø
  • Eit spennande fagfelt som er i kontinuerleg utvikling
  • Ein arbeidsplass med stor takhøgde for nye idear på korleis vi kan utvikle våre oppgåver/tenester
  • Kommunal tilsetting, med løn etter kvalifikasjonar
  • Fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar                                                                                                                           

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3792918
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 03.05.2021