• Bedrift
    Surnadal kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2022
  • Sted:
    SURNADAL
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Politi, brann og toll
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SURNADAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325636
  • Se her for andre jobber fra Surnadal kommune

Ferievikariar Heimetenesta 2022

Surnadal kommune

Politi, brann og toll

VI HAR BEHOV FOR FERIEVIKARAR VED HEIMETENESTA I PERIODEN FRÅ BYRJINGA AV JUNI OG UT AUGUST.

 

Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og vil arbeide ekstra i ferietida, treng ikkje søkje, men kan melde interesse for dette til  einingsleiar Annett Ranes

Dette gjeld også for deg som anten har tidsavgrensa avtale (t.d på helg) eller engasjement som tilkallingsvikar. Dersom du ønskjer å vere ferievikar treng du ikkje søkje, men ta direkte kontakt med Annett Ranes og melde interesse for ferievikarstilling.

 

Kvalifikasjonar/utdanning:

Vi har behov for sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og helsefagarbeidarar og assistentar. Legestudentar er også velkomne til å søke.

 

På grunn av arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere tilfredsstillande på norsk, både muntleg og skriftleg.

 

Tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

For ferievikarar i heimetenesta er det krav til førarkort kl.B

 

Vi ønskjer oss ferievikarar som:

- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande

- som kan arbeide sjølvstendig og systematisk

- som har god arbeidskapasitet

 

Hos oss får du:

- opplæring og rettleeing

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med trivelege og gode kollegaer

 

Ta gjerne kontakt med eininga dersom du har spørsmål!

 
  • Bedrift
    Surnadal kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2022
  • Sted:
    SURNADAL
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Politi, brann og toll
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SURNADAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325636
  • Se her for andre jobber fra Surnadal kommune