• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517513
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 25.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Ferievikarar - Eidsbøen bufellesskap

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Eidsbøen bufellesskap søkjer etter ferievikarer med moglegheit til å jobbe ellers i året i tillegg. 

Har du lyst på ein spanande sommarjobb der du bistår med bistand, rettleiiing og aktivisering i og utanfor heimen til personer med ulike funksjonshemminger og ulikt bistandsbehov? Ein arbeidsplass der du jobbar sjølvstendig og i team saman med dyktige kollegaer i ulik alder og med ulik fagleg bakgrunn og erfaring. 

Ta gjerne kontakt for å få vite meir om kva dette innebærer. Søkjarar vert vurdert fortløpande og bli kontakta. 

Arbeidsstad
Eidsbøen bufellesskap

Ansvars- og arbeidsoppgåver
Yte praktisk bistand og opplæring i tråd med gjeldande lover, vedtak og rutiner. Samarbeid med kollegaer, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar. 

Personlege eigenskapar
Du må ha evne til:

  • Samarbeid, fleksibilitet, kreativitet og serviceinnstilling.
  • Å jobbe målretta og vere lojal ovanfor arbeidsplassen sine vedtak, rutiner og mål.
  • Å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
  • God kommunikasjon.

Søkjarar treng ikkje ha helsefagleg bakgrunn. Opplæring vert gjeve.
 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517513
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 25.02.2021