Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Ferievikarar Bu- og aktivitetstenesta

Brannvesen

VI HAR BEHOV FOR FERIEVIKARAR FRÅ STARTEN AV JUNI OG UT AUGUST

 

Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og vil arbeide ekstra i ferietida, treng ikkje søkje, men kan melde interesse for dette til einingsleiar Nina Bjørnstad.

Dette gjeld også for deg som anten har tidsavgrensa avtale (t.d på helg) eller engasjement som tilkallingsvikar. Dersom du ønskjer å vere ferievikar treng du ikkje søkje, men ta direkte kontakt med Nina Bjørnstad og melde interesse for ferievikarstilling.

 

 

Kvalifikasjonar/utdanning:

Vi har behov for sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar og helsefagarbeidarar og assistentar. Legestudentar er også velkomne til å søke.

 

På grunn av arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere tilfredsstillande på norsk, både muntleg og skriftleg.

 

 

Tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

For ferievikar i Bu- og aktivitetstenesta er det krav til førarkort kl.B

 

Vi ønskjer oss ferievikarar som:

- har gode samarbeidsevner og er rause og imøtekomande

- som kan arbeide sjølvstendig og systematisk

- som har god arbeidskapasitet

 

Hos oss får du:

- opplæring og rettleeing

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

- bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med trivelege og gode kollegaer

 

Ta gjerne kontakt med eininga dersom du har spørsmål!